Tøffe jenter gjennom 3000 år!For tre tusen år sidan drøymde ei ung jente om å møte den store kjærleiken, og fann ein skipbroten utlending som var heilt avhengig av henne. Dette utdraget frå Odysseen står først i denne boka. Deretter følgjer tekstar frå romartida, vikingtida, renessanse og barokk, attenhundretal og nittenhundretal, fram til Suzanne Collins' The Hunger Games frå 2008. Trass i kvinnefrigjeringa har det til no vorte henta fram lite eldre litteratur med jenter i hovudrolla. Målet med Lesebok for jenter er at ungdom og foreldre, elevar og lærarar, skal bli kjende med litteratur der jenter og kvinner jaktar på lukka på lik linje med gutar og menn. Dei leiter etter kjærleik, dei søkjer mot det ukjende, eller mot trygge stillingar i sitt eige samfunn. Somme av dei flyt ovanpå, andre møter utfordringar som krev alt dei har av kraft og vågemot, og endå litt til.Les utdrag fra boka
... bøta på denne feilen. Det er ikkje ei lærebok i vanleg forstand, men ei samling av tekstar som burde ha stått i skulebøkene for lenge sidan. Dei spenner frå oldtida til vår eiga tid og handlar om jenter og unge kvinner som tenkjer og handlar som fullverdige samfunnsborgarar. Trass i kvinnefrigjeringa har det til no vorte henta fram lite eldre litteratur med jenter i hovudrolla. Målet med Lesebok for jenter er at ungdom og foreldre, elevar og lærarar, skal bli kjende med litteratur der jenter og kvinner jaktar på lukka på lik linje med gutar og menn. Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 20. Fram til no hadde Athene halde seg i bakgrunnen. Då det lei så seint at dei skulle fara heim att, syntest ho det var på tide å gripa inn igjen. Idet Navsikaa for siste gong heiv ballen etter ei av tenestejentene, bomma ho, og ballen fór langt ut på sjøen. Lesebok for jenter er ei tekstsamling som passar best for jenter i vidaregåande skule, fordi mange av tekstut...