Solmann og Anna Einebærholm bur i Gulen i Sogn og Fjordane. Dei er begge 80 år og har kjent kvarandre sidan dei var skolebarn. For seks år sidan fekk Anna eit slag som gav dei nye utfordringar. Men kvar vanske har Solmann løyst på sin eigen måte: Då Anna blei liggjande på sjukehus i Førde eit halvt år, flytta Solmann på hybel rett bak sjukehuset. Då Anna kom tilbake til heimbygda og måtte bu på institusjon, tok Solmann henne med seg ut kvar dag på ein spesialkonstruert doning (ein slags tohjulstraktor) for at han og Anna skulle få ha det godt i lag. Då Anna blei flytta til kommunesenteret, reiste Solmann kvar dag med buss og rutebåt for å nå henne. Dei dagane rutegåande ikkje gjekk, køyrde han scooter 1,5 time kvar veg. Då scooterturen blei for farleg, kjøpte han seg båt og drog til Eivindvik, vèl ein time kvar veg, i all slags vêr. I ord og bilde har Osland og Apneseth dokumentert Anna og Solmanns strev for å få vere saman, og den store gleda dei har av kvarandre og styrken dei får frå kvarandre, trass i den vanskelege livssituasjonen. Fokus ligg på det vedunderlege dei får til i lag og kva som er viktig for dei og oss alle. Språket i boka er tilrettelagt for personar med lesevansker og spesielt tiltenkt dei som har hatt slag og har nedsett lese- og talefunksjon.
...jordane. Dei har kjent kvarandre sidan dei var skolebarn. No er begge 81 år. For seks år sidan fekk Anna eit slag. Seinare blei Anna flytta til kommunesenteret, og Solmann reiste kvar dag med buss og rutebåt for å nå henne. Dei dagane rutegåande ikkje gjekk, køyrde han scooter 1,5 time kvar veg. Då scooterturen blei for farleg, kjøpte han seg båt og drog til Eivindvik, vèl ein time kvar veg, i all slags vêr. anna og solm ann. Kvar dag køyrer Anna og Solmann på tur. Dei køyrer mellom helsetunet og Tusenårsstaden i Gulen. Solmann har sjølv skrudd saman den spesielle doninga, men så er han også ein spesiell mann. Denne boka er om Solmann og Anna Einebærholm, begge 81 år, om det gode samlivet og om det vonde slaget som råka Anna så brått. Osland/Apneseth: Anna og Solmann. Varenamn2: Livslang forelsking. Kjøp 'Anna og Solmann, livslang forelsking' av Erna Osland fra Norges raskeste nettbokhandel. Vi har følgende formater tilgjengelige: Innbundet | 9788279591825 Ann...