Selje har ei lengre kyrkjehistorie enn dei fleste, og ei kyrkjehistorie av interesse langt utanfor lokalsamfunnet. På Selja kom den første norske helgenstaden i 996, knytt til Sankta Sunniva, det første bispesetet for Vestlandet i 1068 og det første klosteret kring år 1100. I dag er det tre særmerkte kyrkjer i Selje kommune. Selje kyrkje, bygd 1866, ligg midt i eit postkortmotiv, innunder Stad. Kyrkja på Leikanger stod først på Bø og så i Selje, og har landets eldste preikestol. Og Ervik kyrkje, bygd 1970, med sin særmerkte løkkuppel, vitnar om dramatisk krigshistorie. Denne boka fortel over tusen års kyrkjehistorie i heile Selje kommune- frå den første kyrkja på Selja i 996, til feiringa av 150-årsjubileet for kyrkjene i Selje og på Leikanger i 2016. Her er også mykje anna lesestoff - m.a. om Dragseidet og Dragseidspelet, om Ervikpreika, om Seljumannamessa og om dei store feiringane på Selja og Dragseidet i 1968, 1996 og 1997. Rikt illustrert med gamle og nye bilete.
...e laurdag 2.11. kl. 14-17.Her er det rom for sakn - for bøn - for håp. Helgemessesundag er ein dag til ettertanke i kyrkjeåret. I Selje kyrkje søndag 3.11 kl. 11 tenner vi lys og nemner namna til dei som er gravlagde i Selje sokn. Her kan du lese meir om kyrkjene i Selje, om soknerådet, leige av kyrkjene og om tenestene vi utfører. Du finn òg informasjon om korleis du kjem i kontakt med oss. Er du interessert i aktivitetar i kyrkjelyden kan du gå inn på sida som heiter "Kva skjer? Konsert i Selje kyrkje 1.7.2019. Konsert i Selje kyrkje 6. juli kl. 18. Program Draumkvedet framført av Malin Alender, Line Djubedal, Marita Bødal Nybakk, Bjørn Inge Berge og Jon Inge Sigerland. Billettpris 200 kr gratis for born under 12. Kyrkja vart bygd av materialane frå Selje kyrkje, som hadde stått i bygda Selje sidan 1654. I kyrkja heng tre altartavler; frå Bø, Selje og Leikanger. Den eldste er frå 1600, den andre frå 1694, og den tredje er frå 1895. Preikestolen er frå Selja, dater...