Siste tiåret har det oppstått mange kunstnardrivne visningsstadar i Noreg. Dei er blitt anerkjende som viktige og vitale årestadar for visning og produksjon av ny kunst. Men kva inneber det å vera kunstnardrive eller sjølvorganisert? Kva skil dei frå meir etablerte institusjonar og kommersielle galleri? Er dei å rekna som eit alternativ eller eit supplement? I 2010 oppretta Kulturrådet ei prøveordning med driftsstøtte til fem utvalde visningsstadar. I denne boka blir verknaden av ordninga diskutert gjennom ei grundig skildring av dei aktuelle visningsstadane: Kurant og Small Projects i Tromsø, Entrée i Bergen og Dortmund Bodega og 1857 i Oslo. Boka kan lesast både som eit bidrag til norsk samtidskunsthistorie og som ei vurdering av driftsstøtta si betydning. Jorunn Veiteberg (f. 1955) er dr.philos. i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd med samtidskunst både som utstillingsleiar, redaktør og som frilans skribent og kurator. Veiteberg har vore professor II ved Kunsthøgskolen i Oslo og Kunst- og designhøgskolen i Bergen, og sidan 2013 har ho vore gjesteprofessor ved HDK Göteborgs Universitet. Frå 2008 til 2012 leia ho forskingsprosjektet «Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk». Ho har vore leiar av forskings- og utviklingsutvalet i Norsk kulturråd sidan 2014, og medlem av Norsk kulturråd sidan 2016. Veiteberg har skrive ei rekkje bøker og artiklar om bildeanalyse, videokunst, massekultur, kunsthistoriske emne og om dagens kunsthandverk. Av nyare relevante publikasjonar kan nemnast: « Å lage bilder om seg sjølv . Om kjønn og kjensler i Sidsel Paaske sin kunst», i Like før Sidsel Paaske (1937 1980), og «The art of appropriation», i Contemporary Clay and Museum Culture, red. Christie Brown, Julian Stair og Clare Twomey, begge i 2016.
...n typen kollektiv praksis som har manifestert seg frå 1990-talet og til i dag, og ho held fram: «I would claim self-organisation describes practices in which two or more individuals decide to work collectively in a temporary and flexible structure.»8 Å driva eit visningsrom, særleg der dette er basert Jorunn Veiteberg si bok Kunstnardrivne visningsrom. Årestadar for ny kunst gjev ein gjennomgang og analyse av visningsstadane Kurant og Small Projects i Tromsø, Entrée i Bergen og Dortmund Bodega og 1857 i Oslo. Kunstnardrivne galleri har fått eit eige avsnitt. Dei framhevar at denne typen visningsstadar er av svært ulik karakter, men legg til: «De fleste er kollektivt drevet av unge kunstnere i etableringsfasen, små og lite utstillingsaktig utseende lokaler, prekær finansiering og få års levetid.»35 På 2000-talet har det kanskje vore 20-25 slike galleri i Oslo, slår dei litt lausleg fast. Kjøp 'Kunstnardrivne visningsrom, Årestadar for ny kunst' av Jorunn Veiteberg fr...