Det kan lyda som ein klisjé å seia at kyrkja står framfor nye og store utfordringar no i starten av det andre tusenåret sitt her i landet. Påstanden summerer likevel opp mange og avgjerande endringar i forholdet mellom kyrkja og samfunnslivet. Det er difor all grunn til å ta han på alvor. At det knakar i statskyrkjesystemet er berre ei side av dette. Like viktig - og kanskje meir djuptgripande - er spørsmålet om Den norske kyrkja framleis kan kallast ei folkekyrkje. Eit vesentleg moment i dette er det omskiftet som har skjedd i skulen si religionsundervisning, frå å ha vore ei konfesjonell kristendomsopplæring til å bli ei meir allmenn religions- og livssynsundervisning. Dette har nemleg medført at kyrkja ikkje lenger kan lita på at skulen gjev den elementære opplæring og undervisning i kristendom som ho ønskjer for medlemmene sine. I staden har ho måtta utvikla eit eige kyrkjeleg opplæringsprogram. Eit viktig poeng er no at dette opplæringsprogrammet krev ei ny og langt tyngre satsing enn før også på kyrkjeleg utdanning. For det trengst sjølvsagt lærarkrefter til den nye kyrkje-lege undervisninga. Og det trengst ei utdanning som kan gje dei tilstrekkelege faglege og pedagogiske kvalifikasjonane. Det er med andre ord avgjerande viktig enno ein gong å retta interessa mot kateketen og kateketutdanninga.Det er denne tematikken omkring forholdet mellom kyrkjeleg undervisning og utdanning denne artikkelsamlinga tek opp. Artiklane byggjer i hovudsak på foredrag haldne på ein konferanse om kyrkjeleg utdanning og undervisning ved Høgskulen i Volda hausten 2002. Kyrkjefag Profiler ein skriftserie frå Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda.
...tet) av forfatter Per M. Aadnanes. Religion, historie og filosofi. Pris kr 158 (spar kr 22). På denne bakgrunnen - og utfrå eigne erfaringar med kyrkjeleg utdanning gjennom snart 30 år - inviterer Høgskulen i Volda både sentrale kyrkjelege instansar og aktuelle utdanningsinstitusjonar til ein konferanse om denne tematikken 23.-24. september 2002. PROGRAM (revidert 29.08.02) Stad: Store aud. i Berte Kanutte-huset, 1. et. Emna Bibelen - tekst og tolking og Tru og tradisjon kan innpassast som ein del av årsstudium i kyrkjeleg undervisning. Årsstudiet i RLE kvalifiserer òg for vidare teologisk utdanning. Årsstudium i kyrkjeleg undervisning. Dette studiet gir 30 stp. kristendom og 30 stp. pedagogikk, og det oppfyller krava til tittelen menighetspedagog. - Nåværende pedagogiske kurs på universiteter og høgskoler må utvikles i en slik retning hvis vi skal få til bedre kobling mellom forskning og undervisning. Trenger helhetlig plan. Lillejord forteller at ny teknologi i seg sel...