Historikaren P.A. Munch (1810-63) er mest kjend for det store verket Det norske Folks Historie (1852-63), men han gjorde òg banebrytande arbeid i geografi (med kartografi), etnografi, genealogi, myteforsking, runologi, edisjonsfilologi, norrøn språkvitskap og namnegransking. Arbeida om personnamn (1849, 1854 og 1857) kjem her for første gongen i ei samla utgåve med faghistorisk innleiing, tekstkritiske merknader og register. Tilfanget omfattar over 4000 namn med variantar og gjev eit eineståande utsyn over norsk og germansk namnehistorie. Munch går grundig inn på både etymologi, ordtyding, lagingsmåtar, lydhistorisk utvikling og skriftformer. Siktemålet med artiklane var primært kulturelt og ideologisk, med klåre vurderingar og råd, men Munch la samtidig eit vitskapleg grunnlag av avgjerande verdi for personnamngranskinga i Norden. Med denne utgåva får Munch att sin sjølvsagde plass i faghistoria, og registra gjer det lett å finne kva han seier om dei einskilde namna. Kristoffer Kruken (f. 1950 i Leksvik) er professor i namnegransking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekkje artiklar om etterreformatoriske personnamn og elles gjeve ut Norsk personnamnleksikon (3. utgåva 2013), Sophus Bugges brev (I-III, 2004) og Ivar Aasen: Norsk Navnebog (1878; 1997), Ordbog over det norske Folkesprog (1850; 2000) og Norsk Ordbog (1873; 2003), dei tre siste i samarbeid med professor Terje Aarset, Høgskulen i Volda.
..., saman med Ivar Aasen, ein pioner i norsk namnegransking. Åra 1849, 1854 og 1857 gav han ut tre tekstar om norske fornamn. Både Munch og Aasen såg namna som berarar av norsk kultur. Kjøp 'Personnamnarbeid av P.A. Munch' av P.A. Munch fra Norges raskeste nettbokhandel. Vi har følgende formater tilgjengelige: Innbundet | 9788270998623 Your company account is blocked and you cannot place orders. If you have questions, please contact your company administrator. Et av resultatene var at de fikk innført norrønt språk som valgfritt alternativ til hebraisk. Munch var i en årrekke medlem av eksamensdeputasjonen for examen artium, som den gang i sterkere grad var knytta til universitetet. P.A. Munchs produksjon omfatter tusener av sider og en rekke emner. Historikaren P.A. Munch (1810-63) er mest kjend for det store verket Det norske Folks Historie (1852-63), men han gjorde òg banebrytande arbeid i geografi (med kartografi), etnografi, genealogi, myteforsking, runologi, edisjonsfilolo...