Kultklassikaren Alice B. Toklas' sjølvbiografi er ei verkelegheitsnær, underhaldande og tørrvittig roman om det spesielle, internasjonale kunstnarmiljøet i Paris i byrjinga av 1900-talet. Gertrude Stein levde store delar av livet i Paris, midt i sentrum av det som på alle måtar var ei viktig historisk og kunstnarisk brytingstid. Verka til Gertrude Stein var i si tid så nyskapande og innovative at enkelte forlag trudde det hadde skjedd feil under maskinskrivinga av manus, men den verkelegheitsnære romanen om livet i Paris og miljøet rundt mange berømte kunstnarar blei ein publikumssuksess. Ved å skildre sitt eige liv gjennom auga til Alice, skapte Stein eit verk så annleis og nytt at det også i dag er overraskande lesnad.Gertrude Stein (1874-1946) var ein frontfigur i den modernistiske litteraturen og ein inspirator for mange kunstnarar og forfattarar i samtida. Ho viser at modernismen, om ofte vert knytt til dystre mannlege forfattarar, også var full av leik, uventa sprell og kvinner som ikkje brydde seg om konvensjonar. Stein har hatt stor påverknad på kunsten og litteraturen og blir i dag kalla «The Mother of Modernism».
...er ein kultklassikar og ei av dei mest tilgjengelege bøkene til Gertrude Stein, som for si tid var så nyskapande at enkelte forlag trudde det hadde skjedd feil under maskinskrivinga av manus. Ved å skildre sitt eige liv gjennom auga til sin partnar, sekretær, … Kultklassikaren Alice B. Toklas' sjølvbiografi er ei verkelegheitsnær, underhaldande og tørrvittig roman om det spesielle, internasjonale kunstnarmiljøet i Paris i byrjinga av 1900-talet. Gertrude Stein levde store delar av livet i Paris, midt i sentrum av det som på alle måtar var ei viktig … Om Alice B. Toklas' sjølvbiografi Romanen Alice B. Toklas' sjølvbiografi er ein kultklassikar og ei av dei mest tilgjengelege bøkene til Gertrude Stein, som for si tid var så nyskapande at enkelte forlag trudde det hadde skjedd feil under maskinskrivinga av manus. Ved å skildre sitt eige liv gjennom auga til sin partnar, sekretær, kokk og muse, Alice, fekk ho endeleg ein publikumssuksess og skapte eit verk så annleis a...