Handbok i norrøn filologi har vore eit standardverk sidan den første utgåva kom på norsk i 2004 og på tysk i 2007. Bak boka står eit knippe på ti forfattarar med fagleg tyngd på sine felt og med evne til å formidle stoffet på ein levande måte. Handboka gjev lesarane ei innføring i alle dei sentrale emna i den norrøne filologien om handskrifter, om teksttolking, om runer, om språkleg utvikling og variasjon, om namn og nemne, om dikt og soger, og dessutan om den gamle gudelæra. Ved sida av å vere ein kunnskapsbank for norrønfilologar er boka ei rik kjelde til norsk og islandsk kultur- og teksthistorie i vid forstand. Forfattarane gjev oss innblikk i den mangfaldige norrøne litteraturen og brytinga mellom den gamle åsatrua og kristendommen. Vi får òg vite kva slags skinn som er best eigna i bøker, om korleis dokument vart kopierte for å forhindre forfalsking, om hemmeleg runeskrift og mykje anna. Den tilgjengelege framstillingsforma og fargeillustrasjonane gjer boka til eit lesarvennleg og fascinerande møte med den norrøne kulturen. Andreutgåva av Handbok i norrøn filologi er gjennomgåande revidert og har tre heilt nye kapittel. Supplerande materiale og oppdateringar kan ein finne på nettstaden nofihandbok.no.
...rrøn filologi presenterer norrønt språk og norrøn litteratur i konsist format, men nokon lettvektar er det ikkje tale om: i 2. utgåve tel boka 800 sider. Boka spring ut av eit nasjonalt samarbeidsprosjekt, men den har eit solid feste i bergensmiljøet. Handbok i norrøn filologi. Ei tysk utgåve av boka vart utgjeven på Walter de Gruyter i Berlin i september 2007 under tittelen Altnordische Philologie: Norwegen und Island. Boka er omsett av Astrid van Nahl, som i samarbeid med redaktøren av boka og ei rekkje konsulentar har omarbeidd boka for den tyske lesarkrinsen. Altnordische Philologie Handbok i norrøn filologi har vore eit standardverk sidan den første utgåva kom på norsk i 2004 og på tysk i 2007. Bak boka står eit knippe på ti forfattarar med fagleg tyngd på sine felt og med evne til å formidle stoffet på ein levande måte. Handbok i norrøn filologi har vore eit standardverk sidan den første utgåva kom på norsk i 2004 og på tysk i 2007. Bak boka står eit kn...